Det blir kurs med Eilert Winther som instruktør. Kurset er det første på kursstigen til Norsk Padleforbund og gir nyttig kunnskap om manøvrering av kajakken og om bergingsteknikker.
Fleire detaljer om kursinnhaldet kan finnast på Norsk Padleforbund sine internettsider (www.padling.no).
Kontakt Hans Engel Ivarsøy for påmelding SMS 95871570 eller mail til Hans@altimek.no
Pris 850.- for medlemmer og 1400.- for andre
Oppmøte: Lambatøkje, Vestbøstad Fitjar klokka 10:00.
mandag 23. mai 2011
mandag 16. mai 2011
Frisk padling
Ein god og sporty gjeng tok kajakkane fatt på søndagspadlinga 15. mai sjølv om det blåste friskt i Fitjarøyane.
Alle foto: Geir Ingolf Strand
lørdag 14. mai 2011
Søndagspadling på Litlabø
Fine forhold søndag 8. mai då turen gjekk til Storavatnet på Litlabø.
Foto: Geir Ingolf Strand
Foto: Geir Ingolf Strand
søndag 1. mai 2011
Arbeidarane sin dag
Fem ivrige padlarar møtte opp til søndagspadling denne vakre maidagen. Me byrja turen på Tyneset og padla langs Hystadmarkjo og til 'Stord-døra' der me tok ein rast.
Takk for turen!