onsdag 4. juli 2012

Lekedag i Røyksundkanalen

Lekedag i Røyksundkanalen torsdag 5.juli kl 18. Kort varsel, men slik må ein gjer det med fine vermeldingar:) Alle kan møte, ferske og erfarne. Testing av kajakker, balansetrening, rulletrening, redningsteknikkar og styreteknikkar, det ein har lyst til å prøve.... Møter opp ved Skogbu og ser om vi får parkere der.

tirsdag 3. juli 2012

Padledagen i frisk bris

Padledagen i 2012 vart prega av frisk vind, noko som medførte at introkurset vart avlyst. Dette kurset vil verte sett opp att seinare i sommar. I dei rolegare periodane derimot var ungane ivrige etter å komme seg utpå, men når det bles som verst stod lavvo og partyteltet ganske utrygt. En fekk likevel grilla og laga seg popcorn der utan at noko gjekk gale. Etter at dei minste var ferdig med padlinga var det ein natursti dei kunne gå på Smedholmen, og ein namnekonkurranse på båtane til klubben, men kva namn båtane skal få veit me enno ikkje:)

Knapt plass til padleårene....

Med halve familien i ein kajakk

Padleglede:)

Grunnkurs juni 2012

Effektiv framdrift

Egenredning på gang

Regn og godt humør

Iland for å helsa på smikko som gjerne kjem fram i Fitjarøyane i slikt vèr...

Gratulerer med gjennomført kurs! Klubben satsar på å få arrangert en lekedag en fin kveld der me kan få trent litt på teknikkar de lærte på kurset, kjem attende med dato.