onsdag 10. juli 2013

Rulleinstruksjoner

Kunne du tenkt deg å læra rulla? No kjem årets beste mulighet!
Mark Tozer og Helen Wilson er svært kvalifiserte rulleinstruktørar, og skal bu her i Sunnhordland 18-23.juli. Dei beherskar ikkje berre ei, men mange ruller, sjå berre her: http://www.flickr.com/photos/helenwilson/sets/72157611508446106/

 Kvart kurs varar 3 timar og kostar 300 kr. Helen Wilson står bak rulleinstruksjons DVD'en "Simplifying the Roll", så her gjeld det å kjenne si besøkelsestid for den som vil rulle:) Å rulle er den mest energibesparande metoden for egenredning, og tilfører ein heilt  ny dimensjon til padlinga som ein  kjem til å ha nytte av så lengje ein held på med padling.

Benytt muligheten, og meld deg på rullekurs for neste veke no!! Alle nivå! Har du ikkje prøvd deg på rulle før, benytt denne muligheten!
Tlf: 95 75 74 81

tirsdag 2. juli 2013

Grunnkurs 29.juni

Det siste dei lærte på grunnkurset i helga var å ta seg en kvil midt på fjorden. Eit kjekt kurs, og me håpar sommaren vert brukt til å øva på nokre av teknikkane:)