mandag 30. september 2013

Stormsamlinga på Bulandet - dag 1

 Første dag på stormsamlinga baud på vindstille og havblikk. Istadenfor å padle ut til brotta i vest, sette vi ut frå ferjekaien på Værlandet, og padla mot Alden/Norskehesten)

 Her bur det enno to karar, og det føregår noko hjortejakt på øya. Lurer på om dei fant hjorten eg skremte ned frå toppen...?

Espen nyt utsikta og studerer Bulandet frå toppen av Alden som ligg på 481 moh...

Utsikt ned til ferja...her er det bratt ned mot sjøen!

På ettermiddagen(etter bading i sjøen) fant me ut at me ville padla rundt Alden, her frå skyggesida...ein av årets finaste turar...

Så padla me mot ferjekaien at, vèrmeldinga seier at snart kjem vinden og bølgjene me kvart år reiser til Bulandet for å padla i...

tirsdag 17. september 2013

Hausten kjem til Sunnhordland - og klubben har kjøpt nytt fartøy!

Karlableikja utanfor Sønstabøvågen på Bømlo, etter eit døgn med 12-13 m/s. Flottebølger!
Foto: Bård Salmela

 Trygt å ligga bak ytterste skjera ved Langholmen/Guleploven. 
Foto: Bård Salmela
 Innanfor Brømsundet.
Foto: Bård Salmela
Klubben har kjøpt seg ny NDK Romany, perfekt eigna til hauststormane me har i vente.
Stell fint med den:) Den vert henta i løpet av September.