fredag 16. mai 2014

Strandryddedagen 10.mai





Padlarane på veg til Dyrholmen
Foto: Stein Erik Gilje

Litt å finna på Stora Eldøyo.
Foto: Stein Erik Gilje

Godt med god skyssbåt når ein er mange.
Foto: Stein Erik Gilje

Foto: Stein Erik Gilje

På vegne av Sunnhordland Padleklubb og Engesund visningssenter ynskjer me å seia takk for oppmøtet! Rydding i strendene er med på å gje oss eit vakrare øyrike, og eit lite tak kvart år vil i gje oss gode resultat.
I år vart Litla og Stora Eldøy samt Dyrholmen rydda av ei gruppe på 18 stk i løpet av nokre timar. 
Ryddinga vart avslutta med god mat hjå Engesund Visningssenter.

Me håpar at me vert fleire neste år!


Ikkje lett å plukke dette
Foto: Stein Erik Gilje

Restar frå byggevirksomhet, båtar og fiskeri går igjen
Foto: Stein Erik Gilje

onsdag 14. mai 2014

Grunnkurs


Minner om ledige plassar ved grunnkursa på Fitjar 7-8.juni samt 14-15.juni. Påmelding til sunnpadling@gmail.com med namn, telefonnummer og epost. Skriv gjerne litt om kva padleerfaring du har frå før og kva type kajakk du har. Dersom du ikkje har kajakk er det mogleg å låne av klubben.