og ikkje minst eit godt år på sjøen i 2014!
12. januar kl 19.00-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
21.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, ruller-av-og-til
28.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, nybegynner
4.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
11.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
18.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle eller nesten rulle
4.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
11.mars kl 19.30-21.00, Hjartebank, gratiskonsert på Arena - pengedryss??
18.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.april Strandryddedagen Fitjar?
9.mai Strandryddedagen Bømlo?
12-14.mai grunnkurs, Fitjar
18.mai introduksjonskurs , Fitjar
5-6.juni BCU3-kurs - Mark og Helen
6.juni - Foredrag om padling/ekspedisjonar frå Sør-Grønland
7.juni - kanskje rullekurs?
11-13.juni grunnkurs/teknikkurs?
11-12.juli teknikkurs?
Alle påmeldinger til kurs på sunnpadling@gmail.com.
torsdag 19. desember 2013
onsdag 9. oktober 2013
Stormsamlinga på Bulandet - dag 2
Fin surf!
Det er vått å brottpadle...
Fine bølger
Godt støttetak inn mot bølga
Nok ein fin surf
Av og til endar det slik
Godt med rulla på plass etter ein velt
Av og til er det ein voldsom trøkk sjølv i små bølger....
Bakoversurf?
Mykje moro
Sidesurf er knallgod trening for både høge og lave støttetak
Går bauen ned i sjøen slik somdette kan det ende i salto...
mandag 30. september 2013
Stormsamlinga på Bulandet - dag 1
Første dag på stormsamlinga baud på vindstille og havblikk. Istadenfor å padle ut til brotta i vest, sette vi ut frå ferjekaien på Værlandet, og padla mot Alden/Norskehesten)
Her bur det enno to karar, og det føregår noko hjortejakt på øya. Lurer på om dei fant hjorten eg skremte ned frå toppen...?
Espen nyt utsikta og studerer Bulandet frå toppen av Alden som ligg på 481 moh...
Utsikt ned til ferja...her er det bratt ned mot sjøen!
På ettermiddagen(etter bading i sjøen) fant me ut at me ville padla rundt Alden, her frå skyggesida...ein av årets finaste turar...
Så padla me mot ferjekaien at, vèrmeldinga seier at snart kjem vinden og bølgjene me kvart år reiser til Bulandet for å padla i...
tirsdag 17. september 2013
Hausten kjem til Sunnhordland - og klubben har kjøpt nytt fartøy!
Karlableikja utanfor Sønstabøvågen på Bømlo, etter eit døgn med 12-13 m/s. Flottebølger!
Foto: Bård Salmela
Trygt å ligga bak ytterste skjera ved Langholmen/Guleploven.
Foto: Bård Salmela
Innanfor Brømsundet.
Foto: Bård Salmela
Klubben har kjøpt seg ny NDK Romany, perfekt eigna til hauststormane me har i vente.
Stell fint med den:) Den vert henta i løpet av September.
fredag 16. august 2013
Bilder frå rullekurs
Første øvelse og tilvenning i vann uten kajakk, her lærer me å halde skuldrene flatt i vannflata
Neste!
Oppsett til Shotgun Roll
Oppe igjen etter shotgun Roll
Trening på Butterfly Roll, årepose er greit å trene balanse med
Oppsett til Butterfly Roll i bakgrunnen. I framgrunnen ein på veg opp med Butterfly Roll
Yoga på kajakk, ikkje for den jamne padlar utan trening...
onsdag 10. juli 2013
Rulleinstruksjoner
Kunne du tenkt deg å læra rulla? No kjem årets beste mulighet!
Mark Tozer og Helen Wilson er svært kvalifiserte rulleinstruktørar, og skal bu her i Sunnhordland 18-23.juli. Dei beherskar ikkje berre ei, men mange ruller, sjå berre her: http://www.flickr.com/photos/helenwilson/sets/72157611508446106/
Kvart kurs varar 3 timar og kostar 300 kr. Helen Wilson står bak rulleinstruksjons DVD'en "Simplifying the Roll", så her gjeld det å kjenne si besøkelsestid for den som vil rulle:) Å rulle er den mest energibesparande metoden for egenredning, og tilfører ein heilt ny dimensjon til padlinga som ein kjem til å ha nytte av så lengje ein held på med padling.
Benytt muligheten, og meld deg på rullekurs for neste veke no!! Alle nivå! Har du ikkje prøvd deg på rulle før, benytt denne muligheten!
Tlf: 95 75 74 81
tirsdag 2. juli 2013
Grunnkurs 29.juni
Det siste dei lærte på grunnkurset i helga var å ta seg en kvil midt på fjorden. Eit kjekt kurs, og me håpar sommaren vert brukt til å øva på nokre av teknikkane:)
mandag 3. juni 2013
Padledagen på Smedholmen 9.juni 2013
Sundag
9.juni arrangerte ein gjeng frå Sunnhordland Padleklubb ein aktivitetsdag på
Smedholmen. Dette er 3.året ein lagar til padledag, og med sol frå skyfri
himmel låg forholda til rette for at interessa for padling kunne vekkjast både
blant små og store. I underkant av 100 folk fant ut at dei ville tilbringa
denne dagen på Smedholmen.
Mange
kom ut allerede laurdagen, og overnatta på Smedholmen, både i telt, lavvo og
båtar. Klubben transporterte ut både barnekajakkar og kajakkar for ungdommar og
vaksne til Smedholmen. Frå Grønavikjo gjekk det båtskyss om sundagen, for dei
som ikkje hadde eigen båt.
Smedholmen
er ein ypparleg plass for eit arrangement som dette. Her er det plass til både
små og større båtar, bakkar til å setja opp telt og lavvo på og ei lun vik som
var skjerma for nordavinden.
Enkelte
ungar hadde gleda seg sidan i fjor til padledagen, og andre skulle endelig få
prøva seg for fyrste gong. Til og med ungar under skulealder klarte seg heilt fint
i ein barnekajakk, kanskje var det foreldra på land som
var mest nervøse? Ein del vaksne prøvde og å padla for fyrste gong, og det såg
ikkje ut til at nokon vart skremde. Her kunne alle prøva å padle under trygge
forhold og kyndig veiledning, og skal ein døma etter smil og latter, såg det ut
til at folk hadde det bra. Klubben sine medlemmer delte av sin kunnskap med dei
uerfarne nybegynnarane.
På land
vart det laga til ein natursti med spørsmål til ungane. Her var det mange ivrige
ungar som deltok, og klubben hadde sørga for at det var premie til alle
deltakarane. I eitt tida var grillen varm, og dei som ynskte det kunne grilla
seg pølser eller anna god mat.
Eit tre
timars kurs, såkalla introkurs, vart arrangert ved Smedholmen med ein gjeng
ungdommar og vaksne som deltakarar. Dette er eit kjekt og lærerikt kurs for dei
som ynskjer å begynne å padle, men og dei som har padla ei stund kan ha god
nytte av dette nybegynnerkurset.
Ein
gjeng padlarar fekk seg ein fin omvisningstur i området rundt Smedholmen.
Guiden på denne turen gav padlarane litt lokal historiekunnskap på kjøpet.
Denne
helga vart det og arrangert eit grunnkurs i regi av Sunnhordland Padleklubb.
Dette kurset er på 16 timar, og denne gjengen var difor i aktivitet både
laurdag og sundag. Deltakarane tok seg tid til ein kvil og rast på Smedholmen
sundag, der dei kom til varm grill og prat med andre padleentusiastar.
Friluftsrådet
Vest er med å sponsar dette arrangementet, og sidan så mange deltok på årets
padledag satsar ein på å få eit liknande arrangement til neste år og.
Sunnhordland Padleklubb takkar alle som kom og gjorde dette til ein så flott
dag, og minnar om at dei har ein blogg og facebook side der ein kan fylgja med
på kva kurs, turar og andre arrangement som dei arrangerer.
torsdag 30. mai 2013
Padlefestivalen 2013 - Langøy
70-100 deltakarar og instruktørar frå heile landet(og utlandet)
Head-to-head - kjappast mulig - spring frå stranda, sett deg i kajakken og padle rundt den vesle holmen, velt deg ut av kajakken, kom deg oppi igjen og padle i land
Dramatiske sekundar rundt egenredninga rett før målstreken
Surf på Sandvesanden
Sandvesanden på Karmøy - flott plass
Ser du begge padlarane?
Lettast å padla ut der straumen hjelper deg utover
torsdag 11. april 2013
Sundagspadlingar mm.
Førstkomande sundag 14.april er det sett opp sundagspadling, men det er meldt 13 m/s og regn. Dersom dette slår til vert det ikkje tur. Me opplyser ellers om at me treng fleire turleiarar til turane. Det vil kome ein og anna kveldstur i vekedagane òg. Følg med her og på Facebook.
Faktura med referat frå årsmøtet kjem snart i posten:)
-leiar-
Faktura med referat frå årsmøtet kjem snart i posten:)
-leiar-
tirsdag 12. mars 2013
mandag 11. mars 2013
Kvalrossen
Underteikna padla saman med BSI padling og instruktør Keirron Tastagh utanfor Sotra i helga, der vi møtte på denne sjeldne krabaten på Algrøyna. Langt vanlegare på Svalbard. En kul opplevelse på slutten av dagen, og ein time etterpå fekk vi sett gulflankedelfinen som har halde seg i området i lengre tid.
http://www.ba.no/nyheter/article6543874.ece
Instruksjon med Keirron Tastagh var god, med mykje bevisstgjering på kvifor ein gjer som ein gjer under ulike padleteknikkar. Me fekk og trent på ilandstigning og redningar i brytande sjøar, og sjølv om det ikkje var målet, kom nok mange av oss heimatt med fleire riper i kajakken....
onsdag 20. februar 2013
Padlepost nr 4 Orrøya
Deeeer oppe er padlepost nummer 4. Mange har gått glipp av denne vakre staden i 2012, som berre hadde ein besøkande i løpet av året. Ta turen i år, det er verdt det... og ta gjerne med telt! Velkomstkomiteen består gjerne av ein sølvgrå og to koksgrå nysgjerrige villsauer...
onsdag 13. februar 2013
Årsmøte 2013
Ynskjer med dette velkommen til ein aktiv sesong og Årsmøte på Wärtsila-bygget på Fitjar 13.mars kl 2013, saksliste vert sendt ut veka før. Håpar mange av dykk har lyst til å vere med!
Abonner på:
Innlegg (Atom)