Sundag
9.juni arrangerte ein gjeng frå Sunnhordland Padleklubb ein aktivitetsdag på
Smedholmen. Dette er 3.året ein lagar til padledag, og med sol frå skyfri
himmel låg forholda til rette for at interessa for padling kunne vekkjast både
blant små og store. I underkant av 100 folk fant ut at dei ville tilbringa
denne dagen på Smedholmen.
Mange
kom ut allerede laurdagen, og overnatta på Smedholmen, både i telt, lavvo og
båtar. Klubben transporterte ut både barnekajakkar og kajakkar for ungdommar og
vaksne til Smedholmen. Frå Grønavikjo gjekk det båtskyss om sundagen, for dei
som ikkje hadde eigen båt.
Smedholmen
er ein ypparleg plass for eit arrangement som dette. Her er det plass til både
små og større båtar, bakkar til å setja opp telt og lavvo på og ei lun vik som
var skjerma for nordavinden.
Enkelte
ungar hadde gleda seg sidan i fjor til padledagen, og andre skulle endelig få
prøva seg for fyrste gong. Til og med ungar under skulealder klarte seg heilt fint
i ein barnekajakk, kanskje var det foreldra på land som
var mest nervøse? Ein del vaksne prøvde og å padla for fyrste gong, og det såg
ikkje ut til at nokon vart skremde. Her kunne alle prøva å padle under trygge
forhold og kyndig veiledning, og skal ein døma etter smil og latter, såg det ut
til at folk hadde det bra. Klubben sine medlemmer delte av sin kunnskap med dei
uerfarne nybegynnarane.
På land
vart det laga til ein natursti med spørsmål til ungane. Her var det mange ivrige
ungar som deltok, og klubben hadde sørga for at det var premie til alle
deltakarane. I eitt tida var grillen varm, og dei som ynskte det kunne grilla
seg pølser eller anna god mat.
Eit tre
timars kurs, såkalla introkurs, vart arrangert ved Smedholmen med ein gjeng
ungdommar og vaksne som deltakarar. Dette er eit kjekt og lærerikt kurs for dei
som ynskjer å begynne å padle, men og dei som har padla ei stund kan ha god
nytte av dette nybegynnerkurset.
Ein
gjeng padlarar fekk seg ein fin omvisningstur i området rundt Smedholmen.
Guiden på denne turen gav padlarane litt lokal historiekunnskap på kjøpet.
Denne
helga vart det og arrangert eit grunnkurs i regi av Sunnhordland Padleklubb.
Dette kurset er på 16 timar, og denne gjengen var difor i aktivitet både
laurdag og sundag. Deltakarane tok seg tid til ein kvil og rast på Smedholmen
sundag, der dei kom til varm grill og prat med andre padleentusiastar.
Friluftsrådet
Vest er med å sponsar dette arrangementet, og sidan så mange deltok på årets
padledag satsar ein på å få eit liknande arrangement til neste år og.
Sunnhordland Padleklubb takkar alle som kom og gjorde dette til ein så flott
dag, og minnar om at dei har ein blogg og facebook side der ein kan fylgja med
på kva kurs, turar og andre arrangement som dei arrangerer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar