Ein flott dag med tema Rockhopping med utgangspunkt Skinnhueneset.
Me var 2 instruktørar, samt 11 deltakarar frå alle NPF kursnivå.
Det var fantastisk god balanse og mange smil å sjå. Progresjonen var god gjennom dagen, og dei fleste fekk prøvd seg på mykje større bølger enn forventa:)
Med respekt for krefter i bølgene, og kunnskap om din eigen og gruppa sin redningskapasitet er det utruleg kor mykje moro ein kan ha det i kvitt sjøvatn:)
Rett på sak ved Utslottøy
Vannheis med litt sprut
Fine forhold
Kjekkast med litt kvite bølger bak kajakken
Lunsj på Boableikja
Her kan ein sjøsetja som ein sel...
Av og til må kamera leggast vekk slik at åra kan brukast...
Fine bølger på Goddeskjæra, her med instruktør bak ein skvett sjøvatn
Kjem han opp igjen med heil kajakk?
Over the hill...
Takk for ein flott dag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar