12. januar kl 19.00-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
21.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, ruller-av-og-til
28.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, nybegynner
4.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
11.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
18.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle eller nesten rulle
4.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
11.mars kl 19.30-21.00, Hjartebank, gratiskonsert på Arena - pengedryss??
18.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.april Strandryddedagen Fitjar?
9.mai Strandryddedagen Bømlo?
12-14.mai grunnkurs, Fitjar
18.mai introduksjonskurs , Fitjar
5-6.juni BCU3-kurs - Mark og Helen
6.juni - Foredrag om padling/ekspedisjonar frå Sør-Grønland
7.juni - kanskje rullekurs?
11-13.juni grunnkurs/teknikkurs?
11-12.juli teknikkurs?
Alle påmeldinger til kurs på sunnpadling@gmail.com.
torsdag 24. november 2011
mandag 7. november 2011
Rullekurs
Rimbareid Skule Søndag 13.10 kl.15.00
Lidun Hareide held eit enkelt rullekurs i bassenget.
Her er alle velkomne til å delta,
Pris for kurset er kr 200.- (Bassengleige og instruksjon)
Vil du vere med så meld deg på med SMS til Hans Engel Ivarsøy på tlf. 95871570.
lørdag 29. oktober 2011
tirsdag 25. oktober 2011
Bassengtrening
Det er slutt på haustens organiserte sundagspadlingar, men førstkommande sundag(30.oktober) vert det bassengtrening på Rimbareid skule kl 14-16. Kom gjerne innom for å øve på rulle/egenredning eller for å bli kjent med andre ansikt i klubben. Garderobe og dusj er tilgjengelig.
Padlesesongen tar aldri slutt om du er godt førebudd på kalde dagar med speilblank sjø og vintersol:)
Padlesesongen tar aldri slutt om du er godt førebudd på kalde dagar med speilblank sjø og vintersol:)
Padling vinterstid ved Kyvika Foto: Lillian Nesse |
tirsdag 11. oktober 2011
Med born på tur
I dag finnest det mykje utstyr og eigne kajakkar for born. Hugs likevel å tilpass turen etter borna, vel tur etter mellom anna; evne, vind, temperatur og bølgjer. Ha med gode klede, kleskift, sovepose og hugs teltstenger (!) noko me ikkje gjorde på denne turen som er avbilda. Eit slepetau er og viktig om barnet blir sliten undervegs og treng drahjelp.
Anno på padletur ved Færøysundet. Foto: Lillian Nesse |
mandag 26. september 2011
mandag 5. september 2011
Klubbtur Bømlo
Vérmenn spådde mykje vind og nedbør denne helga, likevel trossa ein gjeng padlarar desse spådomane og møtte opp i Kulleseidkanalen for opplevingar i det store blå. Med fullasta kajakkar (telt, mat for ei veke, god drikke og varme klede) tok me oss ein rundtur i Trøytarosen, rundt Lindøya og Ådnanesholmen før me kjempa oss gjennom frisk vind tilbake i kanalen. På stora Ulvesøya fann me oss ein flott leirplass med plass til mange der me grilla og kosa oss med leirbål til seint på natt.
Sundag vakna me opp til opphaldsvér og vendte baugen sørover i Børøyfjorden mot Tjongspollen. I storslagen natur nøyt me dagen og hadde ein lunsjstopp på Midtøya før me drog nordover og avslutta turen der me starta dagen før. Slitne men nøgde kroppar var samde om at det hadde vore ein gilde tur.
Kanaldager med mange fine gamle båter og Matti Røssland på høgtalaren.
Bardakrokane mellom Tjongspollen og Bømlafjorden. Kjempefint område.
Det måtte kjempast litt for å kome gjennom Bardastraumen og ut i fjorden :-)
Hans Christian
Brit Mari
GPS logg laurdag
Sundag
onsdag 31. august 2011
Ny klubbkajakk
På siste medlemsmøte vart det bestemt at vi skulle kjøpe tre kajakker. Den fyrste er allereie komen til Fitjar og er ein gul Boreal Baffin i plast. Veldig fin og forhåpentligvis god båt så det er berre å melde seg til Hans for å prøve :-)
Info om båten: http://www.borealdesign.com/_en/pdf/baff inPDF-EN.pdf
Info om båten: http://www.borealdesign.com/_en/pdf/baff
Klubbtur Bømlo 3-4 September
NB! Møteplass er endra.
Oppmøte i gjestehamna ved Kulleseidkanalen laurdag 3.09 kl. 14.00. Dersom været vert godt med lite bølgjer padler vi til Espevær og tek ein rundtur der. Kanskje overnating ved UFO-ringen? I tilfelle dårlegare tilhøve vert det ein tur gjennom Kulleseidkanalen rundt Børøyfjorden og inn i Tjongspollen og Sagvatnet.
Klubben held grillmat til ein sein laurdagsmiddag. Ta med telt, sovepose og godt humør og bli med på tur :-)
Påmelding til Hans Engel Ivarsøy per SMS: 958 71 570 eller e-post: hans@altimek.no
Oppmøte i gjestehamna ved Kulleseidkanalen laurdag 3.09 kl. 14.00. Dersom været vert godt med lite bølgjer padler vi til Espevær og tek ein rundtur der. Kanskje overnating ved UFO-ringen? I tilfelle dårlegare tilhøve vert det ein tur gjennom Kulleseidkanalen rundt Børøyfjorden og inn i Tjongspollen og Sagvatnet.
Klubben held grillmat til ein sein laurdagsmiddag. Ta med telt, sovepose og godt humør og bli med på tur :-)
Påmelding til Hans Engel Ivarsøy per SMS: 958 71 570 eller e-post: hans@altimek.no
søndag 28. august 2011
Sundagspadling 28. august
Sjølv om vérmeldingane såg friske ut, møtte ein liten gjeng opp ved Grønavikjo i dag. Me runda Straumøyno med frisk motstand og sikta baugane mot Siglo. Sola synte sitt blide fjes, men me fekk og besøk av våte dropar. Likevel farga regnbogen himmelen over oss og nøgde padlarar sklei vidare i vatnet. Ved Siglo fann me bølgjer å leika i til glede for alle. Me tok oss og tid til ein matpause med både kaffi, grottevandring og heimelaga sjokoladesnitter. Under finn du nokre bilete i frå turen og du er med dette velkommen med på klubbtur neste helg.
Nokre gonger blir det til og med for lite vatn for kajakken
Regn plagar ikkje ein rutinert padlar
Flotte berg på Siglo
Leik i bølgjene
Takk for turen!
Kurs i havpadling hausten 2011
Laurdag 10. og sundag 11. september vert det Grunnkurs i havpadling. Dette kurset krever ingen forkunnskapar i padling. Lidun Hareide frå BSI i Bergen er kurshaldar. Prisen er 1000,- for medlemar av Sunnhordland Padleklubb og 1400,- for andre.
Teknikkurs i havpadling kjem til å gå over fire kveldar: 12, 15, 20 og 22.09. Dette kurset krever at ein har Grunnkurset i havpadling. Lidun er kurshaldar. Prisen er 1000,- for medl. og 1400,- for andre.
For meir informasjon om kva desse kursa inneheld, sjå Norges Padleforbund sine sider; www.padling.no under kurs i havpadling.
Påmelding til Hans Engel Ivarsøy per SMS: 958 71 570 eller e-post: hans@altimek.no
lørdag 27. august 2011
Padleturen til Espevær 28.aug vert flytta!
Meldt opp til stiv kuling for sundag 28.august. Espeværturen vert flytta til annan høveleg stad. Send meg ein SMS(til 95 75 74 81) innan kl 12.00 sundag om du vil vere med, så sender eg melding tilbake om ny oppmøteplass i meir skjerma farvatn.
fredag 26. august 2011
Tryggleik
Sumaren nærmar seg ein ende og hausten helsar med sine velkjende dropar over kysten. Likevel gløtter sola inne i mellom og då er det spesielt fint med ein tur utpå det blå. I går møtte ein liten gjeng padlarar for "rull og tull" ved Eldøyno. Kameratredning og andre reddningsteknikkar er noko som ein aldri blir utlærd i.
Kameratredning
Latteren satt laust
torsdag 25. august 2011
Lyst å padle i elv?
BSI Padling inviterer til nybegynnarkurs i elvepadling på Voss 10-11.september. Ta kontakt med eva.mykkeltvedt@nifes.no dersom du vil vere med!
onsdag 10. august 2011
God Tur AS - rabatt for medlemmar i Sunnhordland Padleklubb
Minner om at medlemmar i Sunnhordland Padleklubb får inntil 10 % rabatt hjå God Tur i Bergen.Rabatten fungerer slik at 10 % av det beløpet til det du kjøper vert trekt av på ditt neste kjøp i butikken, eventuelt trekt av på ei vare om du kjøper fleire varer.
Husk å melde deg sjølv inn i klubben og rekrutter gjerne fleire medlemmar! Ta kontakt på tlf 95 87 15 70 vedrørande medlemskap.
Husk å melde deg sjølv inn i klubben og rekrutter gjerne fleire medlemmar! Ta kontakt på tlf 95 87 15 70 vedrørande medlemskap.
fredag 8. juli 2011
Kveldstur rundt Espevær
Torsdag 7.juli vart det padling frå Kallevåg på Bømlo og ut til Espevær. Ein del vind frå sør laga litt bølger i det 1,5 km opne strekket ut mot Espevær, men det vart straks rolegare forhold mellom holmane og inne i kanalane. Flott padleområde, mykje liv og røre med feriefolk no i juli, men så er her jo og ein jokerbutikk, pub/cafe, kabelferje og den gamle hummarparken.
Restar av gammal hummarpark
Padleruta
onsdag 15. juni 2011
Padledag
Padledag på Smedholmen
Sundag 3. juli inviterer Sunnhordland Padleklubb til padledag for heile familien og padleinteresserte til gratis introduksjonskurs (første mann til mølla prinsippet) og padleaktivitetar på Smedholmen i Fitjar.
Båtskyss med Seladon frå Fitjar kl 11:00
Aktivitetar Søndag frå kl. 12:00
Introduksjonskurs: Introduksjon i bruk av kajakk og utstyr.
Padleleik: Små og store kan få teste padling i havkajakk.
Padletur i Fitjarøyane
Sal av grillmat
Hugs badeklede, kleskift, våtdrakt (om du har)
og kontant til grillmat og drikke i kiosken vår.
Hugs badeklede, kleskift, våtdrakt (om du har)
og kontant til grillmat og drikke i kiosken vår.
NB! Me oppfordrar alle padlarar i Sunnhordland til å padla ut til Smedholmen på laurdag for tur, kajakkleik og overnatting. Oppmøte på Smedholmen kl 18:00.
Friluftsrådet Vest støtter arrangementet
tirsdag 14. juni 2011
Godøysund
Godøysund, nord i Tysnes kommune var målet for denne sundagspadlinga. Sju padlelystne møtte opp til ein nydeleg dag med guida tur i området. Tre ivrige padlar tok like godt padleturen over Langenuen til Godøysund kvelden før, ein tur på omlag 5-6 timar.
Godøysund området består av mange øyar og holmar, fine strender, bruer og tronge sund som er kjekt å oppleva frå kajakken. På Solstråleøya grilla me og koste oss i sola som namnet tilseier. På øya står det ruinar etter eit slott som vart bygd av ein engelskmann i 1889. 1905 vart øya fråflytta og kronprins Olav fekk øya i gåve. Slottet vart rive og kronprinsen bygde hytte og vaktmeisterbustad på øya. Tysnes kommune fekk øya etter kong Olav døde i 1991. Den kongelege hytta vart flytta, men den gamle vaktmeisterbustaden finn ein framleis på øya,denne kan leigast etter avtale med Solstråleøya venelag.
Langenuen i kveldssol
Bårdsundet
Ein skal ikkje sova bort sumarnatta
Hengekøye anbefalast til overnatting
Ved Tyttebærholmen
Med liten båt kjem ein til nesten over alt
Vaktmeisterbustaden på Solstråleøya
Ruinar etter slott og hytte
På jakt etter østers
Grønt og frodig i sundet
Utanfor Badehuset
Takk for ein flott tur!
onsdag 8. juni 2011
Overnattingstur i Fitjarøyane
Sunnhordland Padleklubb har no etablert tradisjon for overnattingstur første helga i juni kvart år.
Turen i år(4-5.juni) gjekk frå Grønavikjo, gjennom Engesund i nordavind og med pause i sørvendt vik på Arholmen. Her møtte me Kjetil som reiste ut til Langøy dagen før for å kvalitetssikre forholda(ikkje minst var det svært flotte forhold kvelden før)
På Arholmen vart det funnen ein flaskepost frå nabojenta til Tom, me vonar ho har fått svar, og kan sende nye flaskepostar som kjem seg lengre ut i verda.
Det gjekk ikkje mange timane før Tom hadde funne nok ein flaskepost, nok ein gang frå ei ung jente, men denne gong frå ei busett på haugalandet, litt ekstra lesestoff gav god stemning rundt leirbålet. Flaskeposten vart denne gong funnen på Langøy, der me hadde etablert leir for natta.
Underteikna og Hans Chr. brakte med bålmateriale frå Arholmen, men det vart òg gjort eit grundig strandsøk på Langøy, som resulterte i at Øyvind kom med den største knokkelen me hadde sett så langt på turen. Den antatte skallen frå ein grindkval eller liknande vog nok nærare 10 kg.
Vinden stilna utpå kvelden, og då Mette hadde forsynt oss med gode grillspyd og hamburger, vart da nok litt betre å sitja rundt bålet enn å ta den planlagte kveldsturen i kajakkane, sjølv for Harald og Nobu som nok kunne tenkt seg ein ekstra padletur.
Alle fekk seg søvn gjennom natta, og me vakna til blå himmel og fine forhold! Heimturen gjekk vidare rundt Tranøy med solfylt rastepause på kaien til Odd. Me tok etterkvart årane fatt nordom Ålfåro og på sørsida av Ivarsøy, medan me håpa det ikkje vert lenge til neste padletur i like flotte forhold.
Frisk nordavind i Nyleio
Kvalskalle på bakskuten
Lun sørvendt rullesteinsvik på Longøyo
Grøne bakkar, sol og nordavind
"Fjelltur" på Arholmen
Etter pause på Arholmen
Våningshuset på Langøy
mandag 6. juni 2011
Sundagspadling 12.juni
Padletur i Godøysund-øyane, Tysnes. Oppmøte klokka 11.00 ved Badehuset på Godøysund. Dei som treng kart info, tek kontakt med Kenneth Fagerbakk, tlf 905 19 237. Turen tek omlag 4-5 timar avhengig av vind i Bjørnafjorden. Legge opp til ein matpause med grilling. Kenneth holde grillkull og så tek kvar og ein med seg mat og drikke. Blir omvisning på Solstråleøya, og forhåpentligvis kjem me oss inn i Østerspollen.
onsdag 1. juni 2011
mandag 23. mai 2011
Kurs i havpadling 28-29. mai
Det blir kurs med Eilert Winther som instruktør. Kurset er det første på kursstigen til Norsk Padleforbund og gir nyttig kunnskap om manøvrering av kajakken og om bergingsteknikker.
Fleire detaljer om kursinnhaldet kan finnast på Norsk Padleforbund sine internettsider (www.padling.no).
Kontakt Hans Engel Ivarsøy for påmelding SMS 95871570 eller mail til Hans@altimek.no
Pris 850.- for medlemmer og 1400.- for andre
Oppmøte: Lambatøkje, Vestbøstad Fitjar klokka 10:00.
Fleire detaljer om kursinnhaldet kan finnast på Norsk Padleforbund sine internettsider (www.padling.no).
Kontakt Hans Engel Ivarsøy for påmelding SMS 95871570 eller mail til Hans@altimek.no
Pris 850.- for medlemmer og 1400.- for andre
Oppmøte: Lambatøkje, Vestbøstad Fitjar klokka 10:00.
mandag 16. mai 2011
Frisk padling
Ein god og sporty gjeng tok kajakkane fatt på søndagspadlinga 15. mai sjølv om det blåste friskt i Fitjarøyane.
Alle foto: Geir Ingolf Strand
Abonner på:
Innlegg (Atom)