12. januar kl 19.00-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
21.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, ruller-av-og-til
28.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, nybegynner
4.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
11.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
18.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle eller nesten rulle
4.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
11.mars kl 19.30-21.00, Hjartebank, gratiskonsert på Arena - pengedryss??
18.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.april Strandryddedagen Fitjar?
9.mai Strandryddedagen Bømlo?
12-14.mai grunnkurs, Fitjar
18.mai introduksjonskurs , Fitjar
5-6.juni BCU3-kurs - Mark og Helen
6.juni - Foredrag om padling/ekspedisjonar frå Sør-Grønland
7.juni - kanskje rullekurs?
11-13.juni grunnkurs/teknikkurs?
11-12.juli teknikkurs?


Kurs kan verte avlyst/endra på kort sikt.
Alle påmeldinger til kurs på sunnpadling@gmail.com.

mandag 5. september 2011

Inspirasjon

Padling kan vera så mangt, her er ein filmsnutt som kanskje kan vera til inspirasjon?


Klubbtur Bømlo

Vérmenn spådde mykje vind og nedbør denne helga, likevel trossa ein gjeng padlarar desse spådomane og møtte opp i Kulleseidkanalen for opplevingar i det store blå. Med fullasta kajakkar (telt, mat for ei veke, god drikke og varme klede) tok me oss ein rundtur i Trøytarosen, rundt Lindøya og Ådnanesholmen før me kjempa oss gjennom frisk vind tilbake i kanalen. På stora Ulvesøya fann me oss ein flott leirplass med plass til mange der me grilla og kosa oss med leirbål til seint på natt. 

Sundag vakna me opp til opphaldsvér og vendte baugen sørover i Børøyfjorden mot Tjongspollen. I storslagen natur nøyt me dagen og hadde ein lunsjstopp på Midtøya før me drog nordover og avslutta turen der me starta dagen før. Slitne men nøgde kroppar var samde om at det hadde vore ein gilde tur.


Kanaldager med mange fine gamle båter og Matti Røssland på høgtalaren.


Bardakrokane mellom Tjongspollen og Bømlafjorden. Kjempefint område.

Det måtte kjempast litt for å kome gjennom Bardastraumen og ut i fjorden :-)
Hans Christian

Brit Mari


GPS logg laurdag

Sundag