12. januar kl 19.00-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
21.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, ruller-av-og-til
28.januar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, nybegynner
4.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle
11.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
18.februar kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, kan rulle eller nesten rulle
4.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
11.mars kl 19.30-21.00, Hjartebank, gratiskonsert på Arena - pengedryss??
18.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.mars kl 19.30-21.00, rulletrening i basseng, alle
25.april Strandryddedagen Fitjar?
9.mai Strandryddedagen Bømlo?
12-14.mai grunnkurs, Fitjar
18.mai introduksjonskurs , Fitjar
5-6.juni BCU3-kurs - Mark og Helen
6.juni - Foredrag om padling/ekspedisjonar frå Sør-Grønland
7.juni - kanskje rullekurs?
11-13.juni grunnkurs/teknikkurs?
11-12.juli teknikkurs?


Kurs kan verte avlyst/endra på kort sikt.
Alle påmeldinger til kurs på sunnpadling@gmail.com.

onsdag 31. august 2011

Ny klubbkajakk

På siste medlemsmøte vart det bestemt at vi skulle kjøpe tre kajakker. Den fyrste er allereie komen til Fitjar og er ein gul Boreal Baffin i plast. Veldig fin og forhåpentligvis god båt så det er berre å melde seg til Hans for å prøve :-)

Info om båten:
http://www.borealdesign.com/_en/pdf/baffinPDF-EN.pdf



Klubbtur Bømlo 3-4 September

NB!  Møteplass er endra.

Oppmøte i gjestehamna ved Kulleseidkanalen laurdag 3.09 kl. 14.00. Dersom været vert godt med lite bølgjer padler vi til Espevær og tek ein rundtur der. Kanskje overnating ved UFO-ringen? I tilfelle dårlegare tilhøve vert det ein tur gjennom Kulleseidkanalen rundt Børøyfjorden og inn i Tjongspollen og Sagvatnet.
Klubben held grillmat til ein sein laurdagsmiddag. Ta med telt, sovepose og godt humør og bli med på tur :-)

Påmelding til Hans Engel Ivarsøy per SMS: 958 71 570 eller e-post: hans@altimek.no

søndag 28. august 2011

Sundagspadling 28. august

 Sjølv om vérmeldingane såg friske ut, møtte ein liten gjeng opp ved Grønavikjo i dag. Me runda Straumøyno med frisk motstand og sikta baugane mot Siglo. Sola synte sitt blide fjes, men me fekk og besøk av våte dropar. Likevel farga regnbogen himmelen over oss og nøgde padlarar sklei vidare i vatnet. Ved Siglo fann me bølgjer å leika i til glede for alle. Me tok oss og tid til ein matpause med både kaffi, grottevandring og heimelaga sjokoladesnitter. Under finn du nokre bilete i frå turen og du er med dette velkommen med på klubbtur neste helg.

Nokre gonger blir det til og med for lite vatn for kajakken

        Regn plagar ikkje ein rutinert padlar


   Flotte berg på Siglo


I god driv



                      Leik i bølgjene




Takk for turen!

Kurs i havpadling hausten 2011

Laurdag 10. og sundag 11. september vert det Grunnkurs i havpadling. Dette kurset krever ingen forkunnskapar i padling. Lidun Hareide frå BSI i Bergen er kurshaldar. Prisen er 1000,- for medlemar av Sunnhordland Padleklubb og 1400,- for andre. 

Teknikkurs i havpadling kjem til å gå over fire kveldar: 12, 15, 20 og 22.09. Dette kurset krever at ein har Grunnkurset i havpadling. Lidun er kurshaldar. Prisen er 1000,- for medl. og 1400,- for andre.

For meir informasjon om kva desse kursa inneheld, sjå Norges Padleforbund sine sider; www.padling.no under kurs i havpadling.

Påmelding til Hans Engel Ivarsøy per SMS: 958 71 570 eller e-post: hans@altimek.no


lørdag 27. august 2011

Padleturen til Espevær 28.aug vert flytta!

Meldt opp til stiv kuling for sundag 28.august. Espeværturen vert flytta til annan høveleg stad. Send meg ein SMS(til 95 75 74 81) innan kl 12.00 sundag om du vil vere med, så sender eg melding tilbake om ny oppmøteplass i meir skjerma farvatn.

fredag 26. august 2011

Tryggleik

Sumaren nærmar seg ein ende og hausten helsar med sine velkjende dropar over kysten. Likevel gløtter sola inne i mellom og då er det spesielt fint med ein tur utpå det blå. I går møtte ein liten gjeng padlarar for "rull og tull" ved Eldøyno. Kameratredning og andre reddningsteknikkar er noko som ein aldri blir utlærd i.



                                Sola skein over Smedaholmen i går


                                Kameratredning


            Latteren satt laust

torsdag 25. august 2011

Lyst å padle i elv?

BSI Padling inviterer til nybegynnarkurs i elvepadling på Voss 10-11.september. Ta kontakt med eva.mykkeltvedt@nifes.no dersom du vil vere med!

onsdag 10. august 2011

God Tur AS - rabatt for medlemmar i Sunnhordland Padleklubb

Minner om at medlemmar i Sunnhordland Padleklubb får inntil 10 % rabatt hjå God Tur i Bergen.Rabatten fungerer slik at 10 % av det beløpet til det du kjøper vert trekt av på ditt neste kjøp i butikken, eventuelt trekt av på ei vare om du kjøper fleire varer.

Husk å melde deg sjølv inn i klubben og rekrutter gjerne fleire medlemmar! Ta kontakt på tlf 95 87 15 70 vedrørande medlemskap.